Lang ventetid, elendig hjelp
Sat i butikken og venta i lang tid. Då det var min tur hoppa dei over nummeret mitt og gjekk rett vidare. Sat då endå lenger og venta, før eg fekk «hjelp». Etter å ha fortalt problema eg har med beina, vart eg anbefalt tre forskjellege sko som alle skulle vere like bra. Eg prøvde desse, og etter hjelp frå «eksperten» enda eg opp med eit par Brooks. Har brukt dei nokre gongar og også prøvd å «gå dei til», men har fått endå meir problem både med kne, anklar og fot etter å ha teke i bruk desse, enn eg hadde med bistand frå vanlege sportsbutikkar i Ulsteinvik og Bodø. Så dette vart fyrste og siste gong på Løplabbet. Dessverre bur eg så langt unna at eg ikkje kan gå innom for å klage. 1 stjerne berre fordi eg fann ein fin topp til løping. Elles fortente dei null stjerner.








